Veslemonster er skvetten. Han blir redd for den minste ting. Storemonster derimot er modig og ikkje redd nokon ting. Det trur i alle fall Veslemonster. Så høyrer dei nokre rare lydar i mørket... Denne herlege boka er oppfølgjar til fjorårets Nei! Sa Veslemonster og Store monster græt ikkje.