Oskar og eg


(Alle plassane vi er : roman)


I Oskar og eg møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar. Det er Ida som fortel historia, men den viltre og eigenrådige Oskar speler stadig hovudrolla i forteljingane hennar. Det handlar om lengten etter ein trampoline, om elvesafariar i vårsola og forsvunne vampyrar i haustmørket. Om hytter som er mindre enn ein hugsa, og cupcakes-kioskar som er finare enn forventa, om forandring og sakn, om melis og mold. Og om leik på lat og på ekte. Maria Parr har skrive ei fartsfylt og varm høgtlesingshistorie om det å vekse til og sjå livet i eit anna lys enn ein gjorde før. Oskar og eg er ein hyllest til kvardagen, til søskenforhold og til alle dei plassane vi er. Åshild Irgens (f. 1976) har illustrert boka. Ho er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo og School of Visual Arts i New York. Irgens har illustrert ei rekkje barnebøker og lettlesbøker, blant anna Maria Parrs Tonje Glimmerdal. Hausten 2018 fekk ho den italienske litteraturprisen Premio Samarelli for illustrasjon
av 605 vurderinger
1 119. plass
på Norli junior

Hvilke ord beskriver best denne boken?



Omtaler av boken:

Lærerik
Vurdering: 2 
Den er veldig bra👏
Vurdering: 2 
Den var gøy.
Vurdering: 1 
Gøy
Vurdering: 1 
Veldig morsom
Vurdering: 1 
Litt trist bok, men også veldig gøy. Jeg lo høyt mange ganger.
Vurdering:  
Forrige
Side 1 av 1
Neste