I Bløygen er det berre ein einaste lyktestolpe. Men det er også eit svært forelska par der. Dei er av og til så forelska at dei ikkje orkar å gå på jobb i Julepyntbutikken sin. Dei heiter Bidger og Es Alle stader i verda finst det forelska par. I Bløygen var det Bidger og Esmiluni. Av og til var dei så forelska at utelampa blinka. Bløygen er ein liten stad med tretten innbyggjarar i alt, med lyktestolpe og rosebed, kommunestyre og blandakor. Då verdsmeisterskapen i pludring og romantikk blei lyst ut, bestemte kommunestyret at Bidger og Esmiluni skulle meldast på og at dei siste slantane i kommunekassa skulle brukast på dei for å gjera bygda kjend. Men i Bløygen budde òg Bjørn Disel. Han hadde ein stor draum i verda: At det var han som skulle bli kjærast med Esmiluni.'strong'Rune Belsvik '/strong'blei tildelt Brageprisen 2000 for beste ungdomsbok, og har eit breitt og mykje verdsett forfattarskap bak seg. No har han dikta ei vedunderleg forteljing for barn og vaksne om kjærleikens