Bajasveke med Ingunn

- Av Norli Junior

Hallo alle lesande elevar!

Så kjekt å få ei heil veke saman med dykk.

Eg heiter Ingunn Thon og eg har skrivi vekas bok, Full bajas. Så kanskje me kan kalle dette ei bajasveke?

Boka mi handlar om ein fyr som heiter Orion og som er skikkeleg flink.
Flinkast på skula, flinkast til å oppføre seg fint, flinkast i korpset, flinkast til å vere flink rett og slett.
Men kan ein vera FOR flink?
Og kva skjer når Orion vaknar ein morgon og er det motsette av flink, nemleg (ja, du gjetta riktig) FULL BAJAS!

I denne videoen kan du bli betre kjent med meg og høyre meg lese litt frå boka.

Og følg gjerne med heilt til slutten for eg treng hjelp til ei lita utfordring😉 

Full Bajas er mi andre bok. Den fyrste heiter Ollis. Kanskje du har lese den også?

Sjåast på onsdag!

Sjå video 2


Tilbake til forrige side