Ukens forfatter i uke 42: Audhild Solberg!

- Av Norli

Det er mange som har Audhild Solberg som yndlingsforfatter – hun har skrevet så mye forskjellig at mange finner en Audhild Solberg-bok som passer for seg.

Derfor er hun ukens forfatter!

Intervju med Audhild

Du kjem frå ein liten stad i Telemark, men nå bur du i Oslo. Er det bakgrunnen frå byen eller bygda som gir deg mest inspirasjon til skrivinga? 

Definitivt bygda! Eg kjem frå ein stad med 800 innbyggarar og mykje skog, ein sånn stad dei fleste berre køyrer gjennom mens dei tenker: Shit, tenk å BU her! Så kjedeleg! Dei skulle berre visst kor mykje spennande som føregår bak gardinene sånne stader – og i dei gamle, fråflytta husa i skogen … 

Korleis finn du på handlinga i bøkene dine? 

Eg blir inspirert av alt muleg. Bøker, filmar, tv-seriar, musikk, ting eg opplever, historier andre fortel meg. «Harpa» er for eksempel inspirert av ei svensk bok om troll, heimbygda mi, tv-serien «Stranger Things» og eit av dei verste mareritta eg har hatt. Og grøssaren «Den svartkledde jenta» er basert på ei skremmande oppleving oldemora mi hadde som ung.

Liker du å lese skrekkhistorier? 

Eg ELSKAR skumle historier, særleg spøkelseshistorier! Problemet er berre at eg er vanvittig mørkredd, så det hender eg angrar på at eg las DEN creepy boka eller såg DEN ekle skrekkfilmen rett før eg skulle legge meg.

Mange forfattarar puttar inn ting frå verkelegheita i bøkene sine. I bøkene om superbitchene er det Anne Bea som er hovudperson. Finst ho på ordentleg? Eller kjenner du nokon som liknar?

Mange trur at Anne Bea er basert på meg. Men ikkje har eg lyst hår, og ikkje kan eg synge. Eg blei heller ikkje mobba på skulen, sånn som Anne Bea blir. Men inni oss er vi ganske like. Vi har same humor, og ho kan bli ganske sjalu og irritert, noko eg også kunne bli på hennar alder. Og når ho er forelska, er ho VELDIG forelska. Det var eg også.

Kva er mest morosamt å skrive om: Rampete barn eller snille barn?

Ingen barn er berre rampete – ikkje eingong superbitchene. Og det er sjeldan nokon er berre snille også. (Det høyrest i alle fall ganske kjedeleg ut.) Så det eg liker best, er å skrive om barn som er BÅDE snille og rampete. Heilt vanlege barn, altså. 

Ville du bli forfattar da du var lita? 

Eg har alltid likt å skrive, men eg tenkte liksom ikkje på det som eit yrke. Eg ville bli dyrlege. Og klovn. Det er i alle fall det som står i dagboka mi frå sjuande klasse …

Kva liker du med å vere forfattar? 

Å forsvinne inn i mi eiga verd. Nokre gonger gløymer eg nesten at det er eg som finn på det som skjer. Plutseleg blir eg skremt av det eg skriv, eller eg begynner å le. Gråte ein skvett gjer eg også av og til. Når det skjer, blir eg litt flau. Men glad også. Eg har trass alt ein rimeleg kul jobb. 

Du skriv på både nynorsk og bokmål. Kva liker du best?  Nynorsk ligg nærmast dialekten min, så eg bruker alltid nynorsk når eg skriv mail og meldingar og sånn. Det er nynorsk som er mest «meg». Men eg liker å bruke bokmål også. Da blir eg på ein måte ein annan og skriv ting eg kanskje ikkje ville ha skrive på nynorsk. 

Audhild besøker!

Å besøke skoleklasser er noe av det morsomste Audhild gjør. Her er de supergira jentene i 5. klasse på Åsheim skole i Trondheim, oktober 2016. Foto: A. Audhild Solberg
Audhild sammen med elever fra Vinjar skule i Suldal, som vant et forfatterbesøk i lesekonkurransen Norli Junior, februar 2017. Foto: Maria Granli Brekke

Audhild reiser mye på besøk til skoler, bibliotek og festivaler – har du truffet henne?

Om du er i Nannestad, Nittedal, eller Ytre Enebakk neste uke har du sjansen!

I november kan man treffe henne på Stord. Der er hun med i en nynorsk barnebokfestival som heter Falturiltu.

Audhild i Boktipseren

Her er noe av hva dere har skrevet om Audhilds bøker i Boktipseren:



Audhild Solberg-quiz!


Tilbake til forrige side