Ei ny veke på Norli Junior er over. Det er tid for helg og avkobling. Kva gjer du for å kople av etter ei lang veke? Helene tek seg gjerne ein tur i skogen – akkurat som Stella i boka. Høyr utdrag frå boka.
Under videoen kan de sjå kven som vann vekas konkurranse.
Det kom inn mange flotte og morosame bidrag til konkurransen. Vinnaren er Evy Sophia:

Dua må gå på skolen
Hvordan begynner man på skolen?
Kva tenker du på?
Jeg skal hjelpe deg
Sivert vil ikke
Dette diktet seier spesielt mykje! Det handlar om eit eg som gruer seg til skulestart. og eg ser for meg at eg-et har ein samtale med ein forelder eller kanskje ein venn. Det gjer teksten nær. Titteldiktet verker også gjennomtenkt: det vil fortelja ein historie.
Forfatteren bak titteldiktet er berre 6 år, og det gir ein ekstra dimensjon til diktet. Kanskje seier det noko om forfattarens eigen oppleving av å begynne på skulen i haust? Det å grue seg for skulestart er gjenkjennelig for mange.
Ein annan ting er oppsettet. Forfattaren bak titteldiktet har lagt bøkene ved sidan av kvarandre, i staden for å legga dei oppå kvarandre. Det gjer at det går an å lese titlane (linjene i diktet) i den rekkefølgjen ein sjølv vil. Originalt!



Takk for no!
Neste veke er Bobbie Peers forfattar på Norli Junior.
Tilbake til forrige side